Butikken Yamahatunet 

Yamahatunet har utvikla seg sakte men sikkert frå å være ein einmannsoperasjon til å bli ei verksemd med fleire ansatte. 

Handel med Yamahatunet har fyrst og fremst vore gjort på gardstunet hjå Torgils Rongve eller på messer rundt på vestlandet. Og det som før var ein låve med full gardsdrift og mjølkeproduksjon er no vorte lager, verkstad og butikk. Me har også bygd eit nytt bygg som inneheld moderne verkstad.

Me har eit omfattande produktspekter og stort utval og vår primære salskanal er handel som foregår på tunet og i butikken. Satsinga på nettbutikk og kundehandsaming via internett kjem som ein naturleg tilvekst og vil verta implementert etterkvart som det er naturleg for oss å gjere det. 

Nettbutikken Yamahavoss.no 

Frå januar 2019 vart det mogleg å handle ved hjelp av nettsida vår www.yamahavoss.no. Nettsida er ei satsing me har for å modernisere oss og for å få ein meir effektiv presentasjon av produkta me sel. Alt som ein finn i nettbutikken vil ein også kunne finne på tunet.

 

Er det produkt som er presentert på nettbutikken, men som ikkje er på lager på Voss vil dette komme fram i informasjonen om produktet.

 

Bli medlem
Ein fordel for deg som kunde med å handle gjennom nettsida er at du får ein eigen profil hjå oss, og kor du til ei kvar tid finn fullstendig oversikt over dine transaksjonar og handlar med oss. Er du medlem og registrert med epost og telefon vil du dessuten oppnå fordelar og betre prisar på netthandelen.  

  • Facebook Social Ikon

+47 415 52 762   |   post@yamahavoss.no

YAMAHATUNET © 2018 - 2020 |  Produsert av KolonDobbelSlash